Eg veit ikkje heilt kva eg skal skriva. Eg er litt lost akkurat no. Trøtt og jævlig.
Tenke på ingenting. Og alt. Dustegreie. Kanskje eg berre skal gå å spela litt Sims2. Eller... kanskje eg skal eta nåke? Kanskje eg skal pakka litt?
Nei. Eg vil ikkje nåkenting. Eg vil.. eg veit ikkje kva eg vil faktisk.
Eg veit ingenting akkurat no. Eg håper The Grudge 2 er ferdig til ikveld. Hadde vore kjekt, sidan eg ikkje skal på jobb før 3 imorgon. Eg må uansett ta ferje halv 2. Og ferja heim igjen går ikkje før halv 12 om kvelden, til tross for at eg er ferdig 2215. Men, det er vel ingenting å gjere med. Berre litt slitsomt med tanke på at eg skal opp kl 7 neste dag, for å reise til bergen (skuleavslutning. ENDELIG!)
Eg gleder meg veldig til hausten. Til allmenn påbygg. Til at Preben flytte til byn. Til å bu med Helene (om me finne oss ny plass, sidan han forpulte idioten me skulle leige ut, har leigd ut til andre). Eg gleder meg berre til alt.
Til at det skal bli ein ny sommar og ny haust. Ifjor var alt heilt forferdelig. Den verste tida i mitt liv. På denne tida ifjor var eg øydelagd. Totalt. Og det varte til i vår. Sakte, men sikkert.. eg håpar dette året blir bra. Litt seint å ønske det, men. Eg bryr meg ikkje.
Det vart mykje tankar og alt slikt her no. På tide med noko overfladisk - EG GLEDER MEG NOKO SJUKT TIL HOVE :D Spesielt Killswitch, Avenged Sevenfold, The Raconteurs, In Flames (skal dei til hove, eller har eg berre drømt det?), BFMV, Dimmu m.m. Fantastisk. Håpar det blir bra!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar