Jaja. Så var eg og igong. Eg vil igrunn ikkje at nokon skal lese mine bloggar.
Men, får sjå korleis det utviklar seg.
No sit eg her å ser på Lost. Relativt interessant. Og sinnssvakt innvikla.
Eg kan ikkje sei eg skjønar alt eg ser, eller høyrer for den saks skyld, men likevel.
Underhaldning på høgt nivå er det.
Eg har ein smule dårleg samvit overfor meg sjølv, for eg veit eg burde gjere lekser.
Me har ein haug med lekser, innleveringar og prøver dei neste vekene.
I tillegg kjem vel snart eksamens angsten.
I tillegg til det igjen, hadde me engelsk tentamen forrige onsdag. Som visstnok
talte 75% av standpunktkarakteren vår. Eg syns det gjekk relativt dårleg.
Derfor syns eg det er heilt jævlig at ein forbanna tentamen kan ødelegge min ganske
så stabile 5'ar, og dra den ned til (med store forhåpningar) ein stygg 3'ar. Det gjekk med andre
ord sjukt dårleg. Aldri har eg gjort så dårleg i engelsk. Engelsk som er min støttestein på skulen. Engelsk som eg alltid har vore flink i. No skal det liksom stå på mine dokumenter at eg fekk 3'ar vg2 barne og ungdom, fordi? Fordi eg hadde ein dårleg dag? Fordi den forpulte tentamen teller nesten heile karakteren. Om eg er sur? Visst faen. Og så innihelvete lite motivert for å møte opp. Min glede for engelsk har forsvunnen no. Bortevekk. Men, faen.
Er det slik ein skriv blogg? For eg har ingen aning.
Eg veit ingenting. Eg gjer slik eg vil. Og det funker ikkje. Dessverre.
Men når det gjeld blogg, skal me vel skrive kva me tenkjer? Kva me føler?
Kva me gjer? Og slikt tull? Eller har eg misforstått? Anyways.
No skal eg sjå Resident Evil, trur eg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
xD
Har du også sånn blogg dritt? Morro xD
Legg inn en kommentar